OM OSS!
Historie
Florø PK var stifta i 23 november 1970 der det første styret besto av Truls Sagen som første forman. Dei andre i styret var Arnulf Hammerseth som nestforman, Arne Jeppesen som sekretær, Harald Melvær som kasserar og Magne Hjermann som styremedlem.
Skipingsmøtet var på «Varden», og det møtte 26 interesserte av 40 som på førehand hadde meldt seg inn i klubben.
Torleif Solberg og Jan Angell Jacobsen var nokre av ildsjelene.
Dei første åra hadde vi skyting i kjelleren på Florø Folkeskole, noko vi fortsatte med til inn på 80 tallet. Ca. 1975 vart det på dugnad starta bygging av ein enkel standplass med plass til 10 skytterar og skiveanlegg med mulighet for hydraulisk vending av skivene, bana blei tatt i bruk i 1976. Dette var på eit område ved Litlevatnet i sentrum av Florø by, tildelt av Flora Kommune. Her vart det skutt vår, sommer og høst, om vinteren hadde vi skyting inne i kjelleren på Folkeskolen.
Bana ved Litlevatnet var på denne tida ansett som den beste pistolbana i fylket og klubben hadde over 70 medlemmer.
Det blei og etablert skytebane inne på Hatleseth der det blei arrangerte metallsilhuettskyting og feltstevner. Det var ganske stor aktivitet i klubben på denne tida, med en del reising både på fin/grovstevner, feltstevner og metallsilhuettstevner.
Klubben levde med aktivitet som varierte opp gjennom åra, med reising i og utanfor fylket. På det beste hadde vi kretsmestere i både Fin, Grov og Standard pistol.
Beste resultatet i metallsilhuett var en 2. plass i NM cal .22 i 1982.
I denne sammenheng må vi ikkje gløyme Hjalmar Joleik som har skutt seg til fleire toppplasseringar i NM i fin og grovpistol samt feltskyting under Florø PK`s logo.
Noko på overtid var det naturlig for både Florø skytterlag og Florø PK og flytte ut av Florø by som med tida har vokst seg stor på bebyggelse og folketal, det var ikkje lenger plass eller fornuftig å ha skytebaner i tettbefolket område. Siste året klubben brukte bana i Storeåsen ved Litlevatnet var i 2014. Da var det nye skytebaneanlegget på Grovastøylen ferdig og kunne takast i bruk. På bakgrunn av Oddgeir Igland og Per Nødset si sponsing av klubben gjennom Fjordbase AS fekk vi midlane som trengtes for å verte likeverdige medeigera i Grovastøylen AS. Som følger av deiras generøse bidrag var dei på årsmøtet i 2015 utnevnt som æresmedlemmer i klubben.
Medeigarane i Grovastøylen AS består av:
- Flora Kommune (Kinn Kommune)
- Brandsøy SKL
- Eikefjord SKL
- Florø SKL
- Flora jeger og fiskerforening
- Florø Pistolklubb.
Det nye skytebaneanlegget ligg ca 2 mil fra Florø sentrum. Der er det bygget ny leirduebane, viltmålbane, DFS 100 og 200 meter bane og pistolbane med 25 og 50 meters hold. Kommunen har vore ein fantastisk pådrivar og avgjørande økonomisk bidragsytar for å realisere dette prosjektet! Florø PK er stolte av å ha bygget standplass på den nye pistolbana nesten 100% på dugnad. Det var var med stor iver medlemmane bidrog med kompetanse og fritid for å bli raskast mogleg ferdige med bana.